|
|
Blåtur er kjekt og for å skriva kort så har blåtur komiteen vore flinke, dette var morro :-)
Litt bilder frå turen og byrjar når bussen er komme for å henta oss ved ungdomsskulen.
Første stopp -- me er komme til vestkanten ved Bergen og har no fått vita at me skal på Iskanten.
Me er komme inn på isen og skal prøva oss med curling, instruksjon før me byrja var godt å få ----
--- me lærte fort og stilen vår var fiin , omtrent som me hadde lært --:-)
Meir instruksjon før me skal til med dei store og tunge curling steinane.
Nokre stilstudie bilder ---.
--
--
Me var flinke med kosten for om mulig få denne raude steinen for langt ---.
Etter curling økta var dte lunch ute i det fri.
--
Fleire som ville eta lunch saman med oss --.
Blåturen går vidare, er komme mot Voss att og stopp ved Seimsvatnet for å framføra resultatet av lagkonkurransen vår som har gått på bussen sidan tidleg føremiddag og litt meir morro med bla kuber. Først var det viktig å halde vinkeplikta til toget samt til kjenningar som bur på andre sida av vatnet
Vinnarlaget i den uhøgtidlege konkurransen som omhandla kjennskap til europeiske land.
Turen gjekk vidare og middagen fekk me i Løo på Seim i Øvre Granvin ( meir info om løo finn de på denne linken http://www.seimstunet.no/ )
Informasjon før me skulle inn til middagsbordet.
Etter middag vart det tid til litt dans i Løo før me skulle heim att. Takk for turen !
|