VEDTEKTER

 

FOR

 

VOSS MUSIKKLAG

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

§ 1    ORGANISASJON

 

         Voss Musikklag, skipa 1880, er ein frivillig, upolitisk organisasjon som er tilslutta

            Norges Musikkorps Forbund (NMF) med tilhøyre i NMF Hordaland.

 

§ 2     FORMÅL

            Voss Musikklag skal:

             a)                   ivareta og utvikla korpsmusikk gjennom opplæring, motiverande aktivitetar og                        god organisering

             b)       ivareta og utvikla korps- og organisasjonsarbeid som sosial aktivitet

             c)                   ivareta korpsmusikken sine interesser i det lokale musikk- og kulturliv, og

                       arbeida aktivt for samarbeid med andre kultur-organisasjonar og –insitusjonar.

 

§ 3    MEDLEMSKAP

3.1       OPPTAK AV MEDLEMMER

Musikantar og andre interesserte kan takast opp som medlemmer i musikklaget av styret i musikklaget. Ved innmelding i musikklaget vert ein automatisk medlem i NMF.

 

3.2       ALDERSGRENSINGAR, ASPIRANTAR

                      a) Utøvande medlemmer i skulekorps kan bli aspirantar frå det året dei fyller

                          15  år. Medlemspliktene i aspiranttida skal oppfyllast i høve til skulekorpset.

                      b) Medlemmer kan takast opp frå 1. August det året dei fyller 16 år.

 

3.3       MEDLEMMENE SINE PLIKTER

                       a)          Medlemmene må overhalda musikklaget, krinsen og NMF sine

                                    vedtekter,  reglar og lovlege vedtak

                       b)         Alle nye medlemmer skal levere inn medlemsopplysningar på gjeldande

                                    innmeldingsskjema. Ved endring av registrerte opplysningar skal

                                    medlemmene snarast mogeleg gje melding til styret i laget. Nemnde

                                    opplysningar vert gjevne vidare på gjeldande skjema for registrering i

                                    medlemsdatabasen til NMF. Ein kan ikkje reservere seg mot registrering.

                       c)          Musikantane skal møta på øvingar, konsertar og andre oppdrag til avtalt

                                   tid.

                                    I tilfelle fråvere, skal person utnemnd av styret varslast i god tid på

                                    førehand.

                       d)         Instrument, uniformer og anna utstyr skal haldast i god stand. Uvøren

                                    handsaming av laget sine eignelutar kan medføra økonomisk ansvar.

                       e)          Medverknad i andre korps, eller bruk av korpset sine eignelutar i andre

                                    musikkaktivitetar, må godkjennast av styret.

 

3.4       KONTINGENT

                       a)          Korpsåret med medlemsregistreringar, innrapportering til krins/forbund

                                   fylgjer skuleåret frå 1. august til 31. juli påfylgjande år.

                       b)         Medlemmene er forplikta til å betala kontingent og andre økonomiske

                                    medlemsplikter innan fastsette tider.

                       c)         Musikklaget skal betale kontingent til NMF innan 1. februar .

Kontingenten vert utrekna etter laget sitt registrerte medlemstal per

31. desember

 

3.5       UTMELDINGAR

Medlemmer som ynskjer å melda seg ut, må gi melding om dette til musikklaget sitt styre. Utmelding bør ikkje skje i løpet av korpsåret. Medlemmer vert melde ut av NMF ved utmelding frå musikklaget

           

5.6       SUSPENSJON OG EKSLUSJON

                       a)          Medlemmer som ikkje rettar seg etter gyldige lover, reglar og vedtak,

                                    eller er til skade for laget sine aktivitetar, kan styret suspendera for eit

                                    bestemt tidsrom. I grovare tilfelle kan årsmøtet vedta eksklusjon.

b)                Musikklaget sine suspensjons- eller eksklusjonsvedtak kan ankast inn

c)                  for  krinsstyret for endeleg avgjerd.

 

§ 4    ÅRSMØTE

 

4.1       STATUS

Årsmøtet er Voss Musikklag sitt høgste styringsorgan.

 

4.2       ÅRSMØTEPERIODE, INNKALLING OG SAKER TIL ÅRSMØTET

                       a)          Ordinært årsmøte skal haldast kvart år i september månad.

                       b)         Det vert innkalla til ekstraordinært årsmøte dersom styret eller 1/3 av

                                    laget sine medlemmer krev det.

                       c)          Innkalling skal sendast ut minimum 4 veker før ordinært og 2 veker før

                                    ekstraordinært årsmøte. Innkalling skal skje ved lysing i lokalavisa og

                                    ved skriftleg melding til medlemmene.

                       d)         Styret si årsmelding, revidert rekneskap, valkomitèen si innstilling og

                                    saker til handsaming på årsmøtet, skal sendast ut seinast 1 veke før

                                    årsmøtet.

                       e)          Medlemmer må setja fram saker gjennom styret. Slike saker må vera

                                    styret i hende seinast 2 veker før årsmøtet. Styret pliktar å leggja fram

                                    saker som kjem inn i rett tid.

 

4.3       REPRESENTASJON, RETTAR OG VOTERINGAR          

                       a)          På årsmøtet deltek medlemmene i musikklaget, komitèmedlemmer og

                                    gjestar invitert av styret.

                       b)        Følgjande har tale-, forslags- og røysterett:

                                  *   Medlemmer

                                  *   Styremedlemmer i alle saker, men ikkje røysterett under handsaming

                                       av årsmelding og rekneskap.

                       c)             Følgjande har talerett:

                                  *   Representantar frå NMF

                                  *      Årsmøtet kan gje talerett til dei det måtte ønskje.

                        d)        Årsmøtevedtak krev over halvparten av dei avgitte stemmene dersom

                                    ikkje anna er fastsett i vedtektene.

                         e)        Årsmøtet er vedtaksført når minst halvparten av dei utøvande

                                    medlemmene er til stades.

 

 

 

 

 

 

4.4            ÅRSMØTET SIN DAGSORDEN

Årsmøtet skal behandla fylgjande saker:

1)                   Konstituering

a) Opning

b) Namneopprop

c) Godkjenning av innkalling

d) Godkjenning av dagsorden

e) Val av møteleiar

f) Val av skrivar

g) Val av to protokollunderskrivarar

 

 

2)                   Godkjenning av årsmeldinga

3)                   Godkjenning av avslutta og revidert rekneskap med revisjonen sine merknader.

4)                   Saker fremja av styret.

5)                   Saker fremja av medlemmene i laget.

6)                   Plan, budsjett og kontingent

7)                  

Val skal vera i samsvar med organisasjonskartet.

 

a)       Leiar for eit år

b)   Val av 2 styremedlemmer / utvalsleiarar for to år

c)   Val av 2 personlege varamedlemmer for to år

Dersom personleg varamedlem rykkjer fast opp i styret, skal det veljast ny  varamedlem for denne på medlems-/årsmøte.

Dersom styremedlem vert permittert, rykkjer personleg varamedlem automatisk opp i styret. Det må veljast ny personleg varamedlem på eit medlemsmøte. Denne fungerer fram til fyrste ordinære val eller til permitterte styremedlem trer attende i vervet.

 

d)       Val av medlemmer i dei faste utvala for 1 år.

 

 

8)                   Val av 2 revisorar for eit år

9)                   Val av 3 medlemmer til valkomiteen for eit år. Leiar skal veljast særskild.

 

Frammøtte representantar eller andre kandidatar som har sagt seg viljuge, kan veljast til ulike verv.

Dei som skal veljast skal ha gyldig medlemskap. Vala skal vera skriftelege dersom nokon krev det.

 

 

 

 

§5     MEDLEMSMØTE

 

                Medlemsmøta er eit forum for kontakt, informasjon og drøftingar for laget sine medlemmer. Det blir halde medlemsmøte når styret eller laget sine medlemmer føler trong for det.

Medlemsmøtet kan velja personleg varamedlem i samsvar med §4.4 pkt. 8b

 

§ 6    STYRET

 

6.1            SAMANSETJING

Styret består av leiar og 4 utvalsleiarar for:

a)                   Musikkutval

b)                   Økonomiutval

c)                   Driftsutval

d)                   Prosjektutval

Leiaren i musikkutvalet er styret sin nestleiar. Leiaren i driftsutvalet er styret sin skrivar.

               

6.2            FUNKSJONSTID

Leiaren si funksjonstid er eit år.

Funksjonstida for utvalsleiarane er to år. Leiar for musikkutval og leiar for økonomiutval vert valde i år med like tal, leiar for driftsutval og leiar for prosjektutval i år med ulike tal.

 

6.3            FULLMAKTER

a)       Styret leiar laget etter dei vedtak som årsmøtet har fatta. Styret sin leiar eller den styret gjev fullmakt til teiknar laget.

b)       Styret har fullmakt til å setja ned dei utval og komitear som det finn trong for.

c)       Styret har fullmakt til å utforma og revidera dei reglar og instruksar som det er trong for i tilknytnad til vedtektene, og for å presisera og regulera laget sitt ansvar og aktivitetar.

 

6.4            INNKALLING TIL STYREMØTE, AVGJERSLER

a)       Styret blir innkalla når sin leiar eller tre av medlemmene i styret finn det naudsynt.

b)       Styret er vedtaksføre når minst 4 medlemmer er til stades. I ikkje fulltalig møte, kan eit styremedlem krevja saka førelagt eit fulltalig styre før gyldig vedtak kan fattast.

c)       Medlemmene skal ha informasjon om viktige vedtak som er gjort

 

 

6.5            ÅRSAVSLUTING

Styret skal utarbeida årsmelding og avslutta rekneskap per 31. juli kvart år. Årsmelding og rekneskap skal leggjast fram for årsmøtet til godkjenning.  

 

 

 

6.6            PERSONALANSVAR

Styret føretek engasjement, tilsetjingar og oppseiingar, og har fullmakt til å inngå lønns- og arbeidstidsavtalar. Leiaren i styret utøver dagleg personalansvar.

 

 

 

§7     UTVAL, REVISJON OG VALKOMITÈ

        

         7.1     SAMANSETJING OG MANDAT

a)                   Kvar av dei faste utvala er ansvarlege grupper med eit styremedlem som leiar, eit varamedlem til styret som nestleiar og 2 øvrige medlemmer. I musikkutvalet er laget sin dirigent det fjerde medlemmet.

b)                   Styret kan utarbeida instruksar som utvala skal fylgja.

c)                   Utval og komitear skal ikkje framstå utad i strid med styret sine vedtak, og kan ikkje opptre forpliktande for laget utover det styret har gjeve fullmakt til.

 

7.2                UTVALA SINE ANSVARSOMRÅDE

a)                   Musikkutvalet sitt ansvarsområde omfattar:

I              Repetoar

II             Musikalsk gjennomføring av øvingar, konsertar og seminar.

III           Notearkiv.

IV           Utlån av instrument.

 

b)                   Økonomiutvalet sitt ansvarsområde omfattar:

I              Rekneskapsføring.

II             Innkrevjingar.

III           Sal.

IV           Inntektsgjevande tilskipingar.

V             Budsjett

 

c)                   Driftsutvalet sitt ansvarsområde omfattar:

I              Føring av styreprotokoll.

II             Årsmelding.

III           Arkiv.

IV           Materiell, unnateke utlån av instrument.

V             Administrative rutinar.

 

d)                   Prosjektutvalet sitt ansvarsområde omfattar:

I              PR.

II             Tekniske gjennomføringar av tilskipingar.

III           Turar.

IV           Sosiale tiltak.

V             Idè-bank

 

 

 

 

 

 

 

            7.3       REVISJONEN                      

Revisjonen skal gjennomgå rekneskapen kvart år og leggja fram rapport til årsmøtet.

 

7.3       VALKOMITÈEN

Valkomitèen skal finna fram til kandidatar til dei ulike tillitsverva slik det er skrive i §§ 4.4, 6.2 og 7.1, og leggja komitèen si innstilling fram for årsmøtet.

 

§ 8    USEMJE/TVISTAR

Usemje/tvistar om forståing av vedtektene vert lagde fram for krinsstyret med forbundsstyret som ankeinstans.

 

§ 9       OPPLØYSING OG UTMELDING AV NORGES MUSIKKORPS FORBUND

 

9.1       OPPLØYSING

a)         Oppløysing av laget kan berre føretakast av to årsmøte, derav eit

            ordinært. Vedtak krev 2/3 fleirtal i eit lovleg sett årsmøte.

b)         Dersom det vert vedteke å løysa opp laget, skal alt som er laget sin

            eigendom samlast og oppbevarast av Voss Sparebank, som har sagt seg

            viljug til det under fullt ansvar og utan vederlag. Det vert ikkje tillete å

            låna ut einskilde instrument eller andre eignelutar.

 

 

c)         Dersom det av minst 10 øvde musikarar vert vedteke å starte opp att

            Voss Musikklag, skal eignelutane stå til rådvelde utan atterhald, mot at

            desse vedtektene også gjeld for det nye laget.

 

 

9.2       UTMELDING AV NORGES MUSIKKORPS FORBUND

Ved utmelding av krins og forbund må det gjerast vedtak på to påfølgjande årsmøte med minst ein månads mellomrom. Gyldig vedtak krev minst 2/3 fleirtal. Utmeldinga må skje skriftleg og sendast NMF via NMF Hordaland seinast 15. november for at utmeldinga skal vere gyldig frå 1. januar neste år. Ved utmelding taper ein all rett til NMF sine ytingar, tilbod og verdiar.

 

§ 10     VEDTAKSENDRINGAR

 

            Årsmøtet kan endra desse vedtektene med 2/3 fleirtal.

 

 

IKRAFTSETJING     

Desse vedtektene gjeld frå 4 desember 2001